Om gardengalleriKONTAKTENGLISH
På ei flate i Stardalen i Jølster, mellom majestetiske fjell og omkransa av Jostedalsbreen, ligg Slåttene gard. Frå tidleg vår kan du høyre lydane frå fossane som stuper frå fjellsidene. Her finn du ro og fred om du ønsker det.

Om garden

Slåttene gard er eit godt utgangspunkt for flotte fjellturar i Jostedalsbreen Nasjonalpark eller til andre attraksjonar i området.

Slåttene er eit nybrotsbruk frå 1920-talet då Bertil Haugen og kona Anna Fonn Haugen starta med å bygge opp garden. Dei fekk etterkvart 8 born og budde i den vesle sperrestova heilt fram til 1950 talet.

Jølster ligg midt i Sogn og Fjordane. Mindre enn to timar i alle retningar og du når til indre eller ytre delar av fylket og eit hav av ulike aktivitetar alt etter behov og ønske.

Aktivitetar kan skreddarsyast etter behov og ønske. Her er det både jacuzzi, infrarød sauna, bålpanne og gassgrill klar når du kjem 'heim til gards'.

Det kan også tilretteleggast for  opplevingar som blåturar, og formidle aktivitetar i området.

Her er flott turterreng i Jostedalsbreen Nasjonalpark, Haugabreen osv. Garden er eit godt utgangspunkt for de som ynskjer ein aktiv ferie og flotte naturopplevingar.

Overnatting

Dei to husa som er til utleige ligg i tunet på garden. Garden er ikkje i ordinær drift, men arealet på garden vert drive av naboar som garden har  samdrift med.
Kårhuset
Kårhuset er eit hus bygd i 1952,og er  no delvis restaurert. Her kan ein leige soverom som ligg i 2.etasje. Det skal på sikt og bli høve til å tinge frukost for dei som ønsker å overnatte i kårhuset.
Vaskemaskin tilgjengeleg på badet.
Det er og innreia eige massasjerom i 1. etasje i kårhuset og høve til å tinge behandling der.

Med avtale om frukost: 400,- per person
Sengeklede og handkle 100,- per person.
Vask etter opphald 200,-
Gamlestova
Overnattingsplass til 4-6 personar Internett og TV er tilgjengeleg. Moderne kjøkken, bad og høve til å vaske klede i kjellaren. Huset kan og nyttast som lokale for selskap opp mot 20-25 personar.

Den lafta stova gir ei spesiell atmosfære, med etasjeomnar og den gamle vedfyrte kjøkkenkomfyren inntakt. Gamlestova kan leigast per døgn eller veke.
Med avtale om frukost: 400,- per person
Sengekle mot tillegg i pris: 70,- per person
Vask etter opphald mot tillegg i pris: kr 500,-
Contact Slåttene Gard
Takk, meldinga er sent!
Obs! Noko gjekk gale med meldinga.
Booking
Under development.
Call or send an email.